Verdens ende er namnet på sørspissen av øya Tjøme i Færder kommune i Vestfold fylke, 26 km sør for Tønsberg.
Verdens ende er namnet på sørspissen av øya Tjøme i Færder kommune i Vestfold fylke, 26 km sør for Tønsberg. I vest ligg munningen av Tønsbergfjorden og i sør ligg Skagerrak. Frå svaberga på Verdens ende er det utsik mot havet og den ytste delen av skjergarden i Vestfold med Færder fyr som det mest markante landemerket ytst i Oslofjorden. Skjergarden utanfor Verdens ende er ein del av Færder nasjonalpark.