Mat og drikke

Sognasmak

LærdalVestland

+ Legg i reiseplan
Sognasmak er eit informasjons- og opplevingssenter for lokal mat og drikke, med eige utsal på Håbakken i Lærdal. Målet vårt er å spreie informasjon og kunnskap om regional matkultur, råvarer og produkt. Vi er stolte av å saman med regionale bønder kunne bidra til å samle og styrke Sogn som matregion. I tillegg å selje lokalmat, satsar vi på opplæring, kurs, arrangement og andre forsking- og utdanningsprosjekt knytt til produksjon av frukt, grønt, mat- og drikkeprodukt. Som selskap driv vi ut frå prinsipp om nonprofit, og utan utbytte til eigarane. Eventuelt overskot skal nyttast til å styrke selskapet og dei aktivitetane selskapet skal drive. Test ut Sognasmak, gjennom verdas beste smakar! Det aller meste av det vi lagar og serverer her hjå Sognasmak er tufta på lokale, friske produkt. Vi likar å leika oss litt, eksperimentera og utfordra. Ofte tek vi utgangspunkt i klassiske matrettar frå Sogn, og lagar ein ny versjon av desse. På kjøkkenet vårt har vi fleire dyktige medarbeidarar som elskar å laga mat. Test ut menyen dei har laga til deg. Kanskje du vil at me skal variera litt etter dine eigen ynskje? Ta kontak med oss, så skal me gjera vårt aller beste for at du skal få det slik du ynskjer. Du finn oss på Håbakken i 6887 Lærdal. Telefon 40841531 Opningstider: Måndag – Onsdag og Fredag: Butikk: 9.00 – 16.30 Kafe: 10.00 – 15.30 Torsdag: Butikk: 9.00 – 18.00 Kafe: 10.00 – 17.00 Lørdag: Butikk: 10.00 – 14.00 (sommartid til 16:00) Kafe: 10.00- 13.00 (sommartid til 15:00) Søndag: Butikk: 10.00-16:00 Kafe: 10.00-15:00 Farmer’s market. Kafe og catering. Kaker for bestilling. Velkommen!

Legg til bilde

Uten «Vis bildet på stedssiden» blir bildet et privat minne som bare du ser.

Verdt å dele

Format 9:16 · 4:5 · 1:1

Del dette

● ● VERDT TUREN Sognasmak Sognasmak er eit informasjons-og opplevingssenter for lokal mat… Nor G NORGO.EU

Kortet viser kun det som allerede er offentlig.

NorG

Se det. Finn det. Dra dit.

Last ned NorGo

Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.

Gratis å komme i gang.

Kart

Laster kart

Slik kommer du dit

Lærdalsvegen 714, 6887 Lærdal

Forhold akkurat nå

Kjenner du et sted som mangler i NorGo? Tips oss om et sted