Gardsovernatting I historisk eldhus eller leilighet i våningshuset – valet er ditt og på Nordigard Ramstad er gardsidyll garantert. Høner inkludert! Garden vår ligg på solsida i fjellbygda Skjåk – midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjell- og matmekkaet Lom ligg ein svipptur unna – og vil du ta føtene ligg heile fjelleventyret rett utanfor dørstokken. Historisk landhandel Ramstadbue – sjarmbombe og sosial møteplass av ei anna tid. Ramstadbue er forundringskrukka som aldri sluttar å begeistre. Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett. Nokre av dei autentiske godbitane i interiør og dekorasjon er til sal, så kan det hende du litt lettare klarer å rive deg laus. Gudbrandsdalsegg og Gudbrandsdalskaku På Nordigard Ramstad legg frittgåande høner egg med plommar gule som gull. Gudbrandsdalsegg finn du i delikatesse butikkar og lokale eggebuer – og i himmelsk Gudbrandsdalskaku bakt for hand av klinkegga.
Legg til bilde
Uten «Vis bildet på stedssiden» blir bildet et privat minne som bare du ser.
Verdt å dele
Format 9:16 · 4:5 · 1:1
Del dette
Kortet viser kun det som allerede er offentlig.
NorG
Se det. Finn det. Dra dit.
Last ned NorGo
Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.