Nedrebergtunet er eit gammalt tun, med nyrestaurerte hus. Tunet ligg med panoramautsikt over Nordfjorden, og er eit flott reisemål heile året. Vi tilbyr overnatting for kortare opphald. Her er plass til 6 pluss eventuelt ekstraseng. I Nystova har vi gardsmuseum med stor tekstilsamling, åkle, og andre gjenstandar frå gardslivet på 1800 talet og fram til 1940. Ope for omvising etter avtale. Området rundt Nedreberg har fint turterreng både sommar og vinter. Stryn tilbyr skiopplevingar både sommar og vinter, og flotte preparerte turløyper om vinteren. Fjella ikring er også fantastiske turmål året rundt. I skulehuset kan du sitte i fred og ro og lese eller lytte til musikk. Boksamling og platesamling. Høver godt for møte og kursarrangement. Kvar månad er det strikkekafe i regi av Stryn Husflidslag i skulehuset. Nordfjordstova er og samlingsplass for månadleg krefttreff for kreftråka og pårørande. Det er basert på likepersonsarbeid og er ein del av det frivillege arbeidet i kreftomsorga.
Legg til bilde
Uten «Vis bildet på stedssiden» blir bildet et privat minne som bare du ser.
Verdt å dele
Format 9:16 · 4:5 · 1:1
Del dette
Kortet viser kun det som allerede er offentlig.
NorG
Se det. Finn det. Dra dit.
Last ned NorGo
Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.