Knaken ligg i den gamle sauefjøsen til Kaupanger Hovedgård. Gardsanlegget, saman med Kaupanger stavkyrkje, er freda og er definert som eit unikt kulturmiljø i Noreg. Garden har i over 300 år vore eigd av familien Knagenhjelm. Området har særs spanande historie å by på, ikkje berre ligg ein av få attverande stavkyrkjer her, men historisk opplevde staden å vekse frå ein førhistorisk gardsbusetjing til å bli den einaste byen i Sogn og Fjordane i mellomalderen. Garden har vore eigd av kongen og vore sete for ein av tidenes verste danske futar, sentrum for administrasjonen av Indre Sogn på 1700-talet og adeleg setegard. Ta turen til Kaupanger og opplev dei arkeologiske spora etter jernaldergarden, mellomalderbyen og tusen år lang tradisjon i bruk av tømmer, båtbygging, og ikkje minst ei vakker stavkyrkje!
Legg til bilde
Uten «Vis bildet på stedssiden» blir bildet et privat minne som bare du ser.
Verdt å dele
Format 9:16 · 4:5 · 1:1
Del dette
Kortet viser kun det som allerede er offentlig.
NorG
Se det. Finn det. Dra dit.
Last ned NorGo
Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.