Klævold Kystfort er eit mindre kystfort bygd på Klævoldsneset ved inngangen til Vadheimsfjorden av dei tyske okkupantane under andre verdskrigen. Her hadde dei god oversikt utover Sognefjorden. På neset finn ein i dag restane etter fire kanonstillingar, mura i stein og betong, med tilhøyrande bunkersar som var nytta til ammunisjons og dekningsrom. Kanonane er vekke, men dreieskivene i stål til står igjen. Der står framleis igjen ein intakt kommandobunkers i betong, som det etter krigen var bygd ei hytte oppå, der bunkersen fungerer som kjellar for hytta. Tuftene etter det som var ei kantine og kjøkenbrakke er godt synlege. Det står framleis to hus som truleg var nytta som ammunisjonslager. Historie
Verdt å dele
Format 9:16 · 4:5 · 1:1
Del dette
Kortet viser kun det som allerede er offentlig.
NorG
Se det. Finn det. Dra dit.
Last ned NorGo
Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.