Overnatting på ei seter er superfint for både vaksne og born! Kanskje de bør unne dykk ein seterferie i år? Me har kyr, kalvar hestar, høner, kaniner, høner, grisar, kje og lam. Foredling av all mjølka frå kyrne til ost, rjome og smør. Me har ein liten gardsbutikk med våre eigne og andre lokale matvarer. Servering av rjomegraut og annan seterkost samt dagsaktivitetar. Her kan små og store få prøve turriding, men då er det lurt å tinge tid på førehand. Selskapslokale heile året. Tinn og Rjukan har mykje flott, Gaustatoppen 45 km unna. Tidlegare gjester kjem med mange lovord og Håvardsrud Seterliv fekk BU-prisen for Telemark i 2011! Vil du vera husmann? På husmannsplassen Herlaugstaul lever de som i gamle dagar utan straum og innlagt vatn, her har me også høner og smådyr de kan stelle. Ei heilt unik oppleving i eit autentisk lite hus midt i skogen for dykk sjølve. Så er de velkomne opp på setra som ligg 5 km unna, de kan gå den gamle setervegen eller køyre bil.
Legg til bilde
Uten «Vis bildet på stedssiden» blir bildet et privat minne som bare du ser.
Verdt å dele
Format 9:16 · 4:5 · 1:1
Del dette
Kortet viser kun det som allerede er offentlig.
NorG
Se det. Finn det. Dra dit.
Last ned NorGo
Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.