Mat og drikke

Gunnabuda

HaramMøre og Romsdal

+ Legg i reiseplan
Vi tek imot gjestar heile året. Vi har romslege og trivelige serveringslokale og i tillegg eit stort møterom med konferanseutstyr. Skal du ha servering hos oss, ta kontakt for tilbud – vi driv ikkje restaurantdrift, men serverer mat for små og store grupper etter avtale. På menyen har vi noko for einkvar smak, men vi likar aller best å servere fiskerettar – gjerne med klippfisk, men også med linefanga fisk frå lokale leverandørar. Eit anna godt alternativ er rettar med hjortekjøt frå øya. For overnatting tilbyr vi 4 rom inne i hovedbygningen og 3 romslege hytter med utsikt over sjøen. Vi har ein flott vedfyrt sauna med utsikt over fjorden og kort veg ned til stranda for den som vil ta seg eit bad. I sommarhalvåret kan vi tilby sykkelutleige og leige av jolle med påhengsmotor. Vidare har vi havkajakkar og padlebrett for utleige og for førte turar på fjorden. I nærmiljøet vil vi anbefale særleg ein tur til topps på fjellet «Skulen» – på 492 meters høgde ligg utsiktshytta «Skulebua» med fantastisk utsikt over kysten. Er du interessert i historie, kan vi tilby omvisning på dei gamle arbeiderhyblane i toppetasjen. Gunnabuda ligg sentralt på Nordøyane – den nye Nordøyvegen knytter desse øyane saman, i tillegg til at den gjer det enkelt å kome hit frå fastlandet. Det er flotte muligheter for turar og utflukter også på naboøyane!

Legg til bilde

Uten «Vis bildet på stedssiden» blir bildet et privat minne som bare du ser.

Verdt å dele

Format 9:16 · 4:5 · 1:1

Del dette

● ● VERDT TUREN Gunnabuda Vi tek imot gjestar heile året. Vihar romslege og trivelige… Nor G NORGO.EU

Kortet viser kun det som allerede er offentlig.

NorG

Se det. Finn det. Dra dit.

Last ned NorGo

Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.

Gratis å komme i gang.

Kart

Laster kart

Slik kommer du dit

Forhold akkurat nå

Kjenner du et sted som mangler i NorGo? Tips oss om et sted