Jørnbruket er ein del av den tidlegare storgarden Hauge med spor av busetnad heilt tilbake til eldre jernalder. Her har det vore dyrka frukt sidan 1800-talet, og sidan 1930-talet har planteoppal og grønsaksdyrking vore ein del av drifta. I Industrivegen 12 har vi eit moderne tapperi der vi tappar våre eigne produkt. I Gildehallen tilbyr vi smakingar av våre produkt til grupper. Gildehallen Vi tilbyr smakingar av produkta våre i Gildehallen i Industrivegen 12 - ein bar/selskapslokale med ca 80 sitteplassar. I det sjølvbetjente planteutsalget på våren kan ein handle oppalsplantar av kålvekstar, løkvekstar, rotvekstar, belgvekstar, squash, graskar, agurk, tomat, paprika, chili, mais, melon, blomar ein kan ete og mykje, mykje meir. Frå omtrent midten av april til midten av juni er det sjølvbetjent planteutsalg ved nedkøyringa til Jørnbruket (Øvre Nordstranda 96). Der kan ein handle økologiske oppalsplantar av grønsaker og krydder. Frisider - alkoholfri handverksider - er ein av våre mest kjende merkevarer. Visste du at Frisider granskot, einebær og hylleblome vart servert i Kronprins Haakon sitt 50-årsjubileum på slottet. Fabrikkutsalget har vi innreia med gamle eplekasser og flettekorger som vart brukt i eplehaustinga på Jørnbruket på 50-talet. I fabrikkutsalget til Nordfjord Distillery i Industrivegen 12 kan ein handle alkoholfrie og lavalkoholdrikkevarer samt eit utval lokalmat. I tillegg til akevitt lagrar vi mellom anna eplebrennevin på fat i fatlageret på garden vår. Gardsbrenneriet har heile verdikjeden frå jord til glas i eiga bedrift. Her står eigaren Jann på tappelinja. Gardsbrenneriet held til på Jørnbruket på Hauge i Nordfjord. Ein gard med lange tradisjonar for frukt- og grønsaksdyrking. I marknadshagen dyrkar vi også økologiske grønsaker - Vi kjenner eit ansvar for å ta vare på dei gamle kultursortane som er godt tilpassa dyrking i det utfordrande vestlandsklimaet. I Måneskinshagen - vår økologiske marknadshage - dyrkar vi blant anna dill til akevittprodukta våre Av fruktmosten lagar vi drikkevarer med og utan alkohol - her er det alkoholfri sider i glaset Vi pressar over 100 tonn frukt kvart år i eige presseri på garden. I eplepresseriet vårt tek vi imot pressfrukt frå fruktbønder i heile Nordfjord - Discovery på bildet Vi haustar mellom 20-30 tonn økologiske epler frå eigen gard kvart år - Aroma på bildet I den økologiske eplehagen har vi 4000 tre av over 20 ulike eplesortar - Gravenstein på bildet I den økologiske rabarbrahagen dyrkar vi jordbær-rabarbra Sjølvbetjent utsal av økologiske oppalsplantar frå garden frå ca 15.april-15.juni Kvar vår har vi eige planteoppal av over 100 typar vekstar ein kan ete - raudbetar på bildet På garden dyrkar Synnøve mellom anna sukkerbetar som blir brukt i brennevinsproduksjonen. Synnøve og Jann - to sivilingeniørar i kjemi - tok over garden i 2010. Her i eplehagen. Master distiller Jann utfører kvalitetsjekk av akevitt på fatlageret.
Legg til bilde
Uten «Vis bildet på stedssiden» blir bildet et privat minne som bare du ser.
Verdt å dele
Format 9:16 · 4:5 · 1:1
Del dette
Kortet viser kun det som allerede er offentlig.
NorG
Se det. Finn det. Dra dit.
Last ned NorGo
Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.