Avdemsbue og Avdem Gardsysteri
Henter vær for posisjonen din …

Foto: Jan-Tore Egge · CC BY-SA 4.0

Mat og drikke

Avdemsbue og Avdem Gardsysteri

LesjaInnlandet

+ Legg i reiseplan
Alle våre kvitostar er kittmogna, dvs. at dei er vaska med saltvatn under lagring. Smaken utviklar seg gjennom fleire månader på lager. Dei mest kjende er: Fjelldronning , ein halvfast ost mogna i minst 4 månader, og Bufast , ein fastost (alpetype) lagra i minst 1 år. Av myse kokar vi Huldreost , ein brunost utanom det vanlege, smaksett med fjellurtene einerbær og kvann, samt norsk akevitt. Vi produserer også Pultost, rømme og smør , i tillegg til andre tradisjonsprodukt som Gubb og Prim . Pultost er ein norsk ostetype med lange tradisjonar i Gudbrandsdalen og Innlandet. Avdemsbue er ein landhandel med butikkhistorie attende til 1878, med kontinuerleg drift sidan da. Sommaren 2015 reopna butikken som ein lokalmatbutikk eigd av Avdem Gardsysteri AS. Her finn du eit stort utval av norsk handverksost, øl frå norske mikrobryggeri, norsk spekemat, krydder, kaffe og te – og mykje meir! Avdemsbue tilbyr også enkel servering av kaffe, is og rømmevaflar. Sommaren 2019 opna eit osteforma tilbygg teikna av RAM Arkitektur. Her er det kafé med god lunsj og enkle middagsrettar, toalett og lagerrom. Det er også planlagt nettbutikk med sjølvbetjent og døgnopent uthentestad. Produkta våre er å få kjøpt i daglegvarehandelen og i spesialbutikkar, men aller best utval finn du i vår eigen landhandel Avdemsbue på Lesja, 300 meter frå gardsysteriet . Velkomen!

Verdt å dele

Format 9:16 · 4:5 · 1:1

Del dette

● VERDT TUREN Avdemsbue ogAvdemGardsysteri Alle våre kvitostar er kittmogna,dvs. at dei er vaska med saltvatn… Nor G NORGO.EU

Kortet viser kun det som allerede er offentlig.

NorG

Se det. Finn det. Dra dit.

Last ned NorGo

Finn steder verdt turen akkurat nå — kart, historier og stempler du samler underveis.

Gratis å komme i gang.

Kart

Laster kart

Slik kommer du dit

På stedet

Er du her? Legg igjen et bilde herfra.

Forhold akkurat nå

Kjenner du et sted som mangler i NorGo? Tips oss om et sted